Fin avslutning for sokneprest Gunnar Eldevik

Den 4. februar hadde Gunnar Eldevik si siste gudsteneste som sokneprest i Lærdal.  Prosten takka Gunnar i gudstenesta for god teneste i Lærdal. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi i kyrkjestova og denne var fullsett med folk som også ville takke Gunnar for si tid i Lærdal. Det var fleire som holdt talar; soknerådsleiar/kyrkjeverje, ordførar, lokallag leiar av presteforeininga, kollega og sambygdingar. Gunnar har vore ein god prest som mange vil sakne. No ynskjer me han lukke til som kappelan i Loddefjord.

Bildet fra gudstenesta 4. februar, prosten takkar Gunnar for god teneste.

Gunnar byrja som sokneprest i Lærdal 1. september 2020, han var då nyutdanna prest. Før Gunnar tok til i stillinga i Lærdal, var han eitt år i miltæret som militærprest. Gunnar har budd i presteboligen og har etterkvart blitt godt kjend i bygda. Har er svært fotball interessert og har bidrege litt som hjelpetrenar for jentelaget på ungdomstrinnet. Han har eit stort hjarte for dei eldre og har hatt mange gode stunder med gudstenester, andaktar og besøk på Lærdal bu- og omsorgsheim. Gunnar er ein roleg og raus person, og han vil bli sakna av kyrkjestaben. Men vi ynskjer han masse lukke til som kapelan i Bergen.  

Sokneprest stillinga er lyst ut med søknadsfrist 11. februar. Fram til ny sokneprest er på plass i Lærdal fungerer Terje Eklund som fast prestevikar fram til sommaren. Nora Baartvedt som er prest  Aurland har ansvar for konfirmantane og vil ha Ung messe og konfirmasjonsgudstenestene. Andre prestar vil òg bidra på gudstenester og i gravferd i denne tida. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"