Takk til Jens og velkomen til Nora

Fyrste påskedag var det gudsteneste i Tønjum kyrkje med avslutning og takk til kyrkjetenar Jens Rikheim og innsetting av ny kyrkjetenar Nora Henriette Grønvold Eriksen.

Jens Rikheim får gåve av soknerådsleiar Anne Karin Brugrand, Nora Henriette Grønvold Eriksen er òg tilstades på bilde.

Jens Rikheim gir seg som kyrkjetenar etter over 33 år i jobben. Jens starta som kyrkjetenar 1. januar 1991 og har hatt alle kyrkjene som sin arbeidsstad. Jobben er meir omfattande enn kva folk flest trur. Kyrkjetenaren har ansvar for alt arbeid både inne i kyrkja og på gravplassane. Særskild om sommaren er det mykje å gjere når ein skal stelle tre graplassar. I stillinga ligg òg å klargjere kyrkja til kyrkjelege handlingar, vere tilstade på alle kyrkelege handlingar òg som brannvernansvarleg, mindre vedlikehaldsoppgåver med meir. 

Nora Henriette Grønvold Eriksen tok til i stillinga 15. februrar og har derfor fått ei overlapping med Jens. Nora kjem frå Sigdal og har busett seg på Borgund. Ho har byrja på kyrkjetenarskulen slik at ho på sikt kan ta fagbrev.

I gudstenesta fyrste påskedag fekk Jens takk frå Lærdal sokneråd og Nora fekk opplest tenstebrev frå Bjørgvin biskop.  

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"