Misjon i Thailand

Lærdal sokneråd  har fått misjonsavtale med Det norske misjonsselskap i Thailand.

Misjon i Thailand

– På nokre gudstenester i Lærdal tek me opp ei gåve/offer til dette arbeidet, seier sokneprest Gunnar Eldevik.


– I forbøna i gudstenesta vil me og be for dette arbeidet. Det å ha eit slikt lite samarbeid i eit anna land kan minne oss om samanhengen me blir døypte inn i. For når nokon blir døypt her i Lærdal, eller andre stadar, blir me døypte inn i den verdsvide kyrkja. Me heng saman. Kor enn me måtte vandra i den store verda, har me då ein heim i kyrkja. Det er eit fint perspektiv som eit slikt prosjekt kan minna oss om.
Misjon handlar både om å dele evangeliet om nåden i Jesus, like fullt å hjelpe menneske med sine konkrete behov. Begge delar er viktig.

Betre start
Saman med Den evangelisk-lutherske kirke i Thailand (ELCT) er misjonsselskapet med
på å gje born og unge frå fattige kår ein betre start på livet.
 – I tillegg bidreg me med økonomisk stønad til opplæring og kursing for medarbeidarar og medlemmer i kyrkja. Me er også engasjert i klimasmart jordbruk
og landsbyutvikling i avsidesliggende landsbyer nord i Thailand, skriv NMS på sine heimesider.
 Dei driv blant anna barnehage i slummen i Bangkok, ein heim for gravide i ein vanskeleg livssituasjon, tilbod til born frå minoritetsfolk i Nord-Thailand.
 Førebygging av menneskehandel og klimasmart landbruk står også på dagsorden.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"