Velkomen til aktivitetsleir på Nesholmen

Det er ei stor glede å kunne invitere deg og andre 11-13 åringar frå Lærdal, til sommarleir på Nesholmen leirstad, som ligg ved Storefjorden i Hyen (omlag ein time frå Førde). Leiren vert arrangert i eit samarbeid mellom KFUK KFUM og Den Norske Kyrkja, og er ein del av kyrkja i Lærdal si satsing på born og unge.

Velkomen til aktivitetsleir på Nesholmen

Me reiser frå Lærdal mandag 24. juni, i ein fellesbuss saman med leirdeltakarar frå Aurland. På leiren vil de òg bli kjend med born på same alder, frå andre delar av fylket. Karoline Thyri vert med frå kyrkja i Lærdal. Ho har sjølv våre med som leiar på Nesholmen i ei årrekke, og kjenner leirstaden godt.

Kva skjer desse dagane? Me håpar sjølvsagt på godt vêr, slik at me kan vera mykje ute. Her ligg det godt til rette for kanoturar på Storefjorden, bading, grilling, ballspel, konkurransar, samlingar, underhaldning og nye vener – altså mykje moro!

Invitasjon på veg i posten: Invitasjon med meir informasjon om leiren, pris og påmeldingskjema kjem i posten. Påmeldingsfrist er den 10. juni (men det kan bli fullt før). Me har sendt ut invitasjon i posten til alle 11-13 åringar i Lærdal som er medlem av Dnk, men Aktivitetsleiren på Nesholmen er ope for alle. Ikkje fått invitasjon? Ta kontakt med oss om det gjeld ditt born, så får de tilsend invitasjon på e-post. Helsing Karoline (97790771)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"