Avtale om gravstell

Er det vanskeleg for deg som pårørande å få stelt grava på Meland kyrkjegard? Då har vi ei ordning for dette, så tilsette på kyrkjegarden steller grava for deg mot betaling.

Ein del pårørande bur langt vekke eller har vanskar med å få stelt grava av andre grunnar. På Meland kyrkjegard kan ein difor opprette avtale om at dei tilsette steller grava dykkar med jamne mellomrom. Det vert planta/pynta minimum tre gonger i året: vår, sommar, haust og  jul.

Viss sesongen tillet det blir det første gongs planting til påske, og det er også i orden på grava til 17.mai og til sommaren, det vert planta haustlyng og lagt på eigenprodusert krans til jul. Plantefeltet vert ettersett, vatna og stelt.

Som pårørande kan ein inngå ein avtale om årleg stell og faktura, eller ein kan setje inn pengar på ein renteberande konto som det vert trukke av kvart år til det er tomt. Mange vel den siste løysinga, og i samband med skifte etter den døde vert det då gjerne sett av ein sum i eit gravstellslegat. Ta kontakt med kyrkjekontoret viss du vil inngå ein slik avtale, eller for meir informasjon. Pr 2017 er kostnaden for årleg gravstell  kr 1875 inkl mva. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"