Pengane går til barne- og ungdomsarbeidet og delar av fleire av dei stillingane som har med kyrkjelydsarbeidet å gjere (diakon, kyrkjelydspedagog mfl) til lokalet og aktivitetane på Møteplassen og andre delar av kyrkjelydsarbeidet. 30% av stillinga til spesialpresten er kyrkjelyden sitt ansvar å lønne.
Viss du vil melde deg på gjevartenesta: Klikk her for å melde deg på nettet og med bank-ID. Eller bruk kupongen nedanfor og send inn som brev (eller skanna med signatur) til kyrkjekontoret.
Har du auka gåva i det siste?
Lønnsutgiftene stig også i kyrkja. Det same gjer prisar på varer og tenester. Det er viktig at gjevarane auker gåvene i takt med dette.
Viss du vil auke gåva di, kan du berre gje beskjed til kyrkjekontoret (skriftleg/ på epost) om kva sum du vil auke til. Det går bra, så lenge du held deg til maksimumsummen du har avtalt.
Har du tenkt til å auke over maksimumsummen du la inn når du inngjekk avtalen - må du levere inn ny avtalekupong/registrere på nytt.