Lesarbrev Ruben Sæle

Lesarbrev til Strilen og Avisa Nordhordland / september 2018

Treng vi ei ny kyrkje på Frekhaug? 

Debatten går høglydt om den planlagde nye kyrkja på Frekhaug. Eg meiner det er ei god investering for heile befolkninga, og vil her forklare kvifor. 

Ny ungdomsskule, kyrkje og andre viktige investeringar er vedteke i kommunestyret, samstundes som ein snur alle steinar for å få budsjettet til å gå opp. Kva som må gjerast billegare, utsetjast eller i verste fall kuttast er vanskelege dilemma, og eg vil heie på alle politikarane som har teke på seg dette ansvaret.

Kven byggjer vi kyrkja for? Ikkje for dei som allereie pleier å gå til gudsteneste. Dei finn vegen til den gamle kyrkja. Heller ikkje treng vi eit prangande bygg på Frekhaug. Vi må byggje ny kyrkje for dei som ikkje kjem til sosiale møtestader, verken til kyrkja eller andre stader folk møtest. Nytilflytta menneske med lite nettverk. Ungdom som ikkje er aktive i idrett og anna organisert arbeid. Vaksne utanfor arbeidslivet. Flyktningar og andre innvandrarar treng stader å bli kjent. Ofte dekkjer arbeid, familie, vener og organiserte aktivitetar desse behova, men mange fell og igjennom.

Einsemd er ein av dei store folkesjukdomane i samfunnet vårt, og her er unge og eldre overrepresentert. Ifølgje ungdata.no har 22% av unge i Meland nyleg kjent seg einsame. Det er meir enn snittet i Noreg, og mykje meir enn vi kan akseptere. Kommunen kan ikkje vedta at folk skal ha vener, men skal leggje til rette for å styrkje sosialt fellesskap og solidaritet i nærmiljøet. Då kan ei nærkyrkje vere ein viktig del av løysinga. I Meland kyrkjelyd er det ei mengd med menneske som engasjerer seg for lokalsamfunnet, og spesielt for utsette grupper. Førebyggjande arbeid er ofte vanskeleg å prioritere i stramme kommunebudsjett, men kyrkja har både kompetanse og erfaring til å drive med det – basert på frivillig innsats og innsamla gåver. Men det trengs eigna lokale der folk bur. Ein kan ikkje forvente at eldre tek med seg gåstolen på bussen, eller tru at ein einsam ungdom vil ta turen til kyrkjekjellaren i Knarvik for å treffe nye vener. Dei må få eit tilbod lokalt. Ei ny kyrkjebygning vil generere meir frivilligheit, mindre einsemd og betre folkehelse. Det er god samfunnsøkonomi og tener også dei som ikkje bruker kyrkja sjølv. Ei nærkyrkje på Frekhaug er til beste for alle innbyggjarane i Meland!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"