Sundag 15. august var det spente og glade 1. klassingar som hadde funne vegen til Skrautvål kyrkje for å ta imot seksårsbok og markere skulestart. Å bli skulebarn er ei stor omvelting i livet - og det ynskjer kyrkja å vere med og markere.
Kyrkjefrukt og -saft på kyrkjebakken
Borna hadde med seg fargerike sekkar, mange hadde med blomar - og alle hadde med seg godt humør og lyst til å vere med å gjere eitt og anna!
Dei song, tende lys, og svara på spørsmål av ulikt slag: "Kvifor er vi heime i kyrkja?" "Kva kan vi gjere for andre?"
Etter gudstenesta hadde kyrkjevert Knut Ove Hennum frå soknerådet laga til frukt og saft til borna på kyrkjebakken.
Tusen takk til små og store for triveleg skulestartmarkering!
(Og takk til Marit Låksrud Bøe for fotografering!)
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert