Dagens bibelord

Hosea 6,1–3

1 Kom, lat oss venda om til Herren! For han reiv sund, men vil gjera oss friske, han slo, men vil forbinda oss. 2 Han gjer oss levande etter to dagar, den tredje dagen reiser han oss opp, så vi kan leva for hans andlet. 3 Lat oss læra å kjenna Herren, lat oss jaga etter å kjenna han! Sikkert som soloppgangen kjem han, han kjem til oss lik regnet, lik vårregnet som væter jorda.