Konfirmant i Os

Som konfirmant i Os er du sjølv ein aktiv deltakar - ein som bidreg på gudsteneste og i kyrkjeleg arbeid, som kan stille spørsmål og undre deg, og som blir betre kjent med Jesus, kyrkjelyden - og deg sjølv.

Konfirmantopplegget tek til med ein stor kick-off-samling på Kyrkjeflaten ved skulestart, der ungdommar, leiarar og frivillige "ristast saman" gjennom leik og aktivitet, litt program, mat og informasjon. Det vidare opplegget gjennom året kan delast inn i nokre hovudområde:

  • Deltaking på Gudsteneste
  • Bidrag til kyrkja sitt diakonale arbeid gjennom Fasteaksjonen
  • Variert Undervisning gjennom PULS-helg, temasamlingar og nettbaserte oppgåver
  • Ein masse spennande opplevingar ligg på lur i ymse Aktivitetsgrupper - konfirmanten vel sjølv kva for gruppe ho/han vil vera med i

Når det store dagen nærmar seg, i månadsskiftet april/mai, høyrer det med til førebuingane å prøve konfirmantkapper. Sist, men ikkje minst, sjølve Konfirmasjonsgudstenesta, der vi feirar konfirmantane og ber for kvar einskild av dei. 

Før konfirmasjonsprogrammet tek til, lagar vi ei forventningsavtale med kvar enkelt av ungdommane. Dette gjer vi for å skape ei så god ramme for utvikling og godt miljø gjennom konfirmasjonstida som mogleg. Du kan lesa avtala nederst på sida.

Ynskjer du å stå til konfirmasjon våren 2020, gå til påmeldingssida og fyll ut skjemaet! Linken ligg óg nederst på sida.

Det er viktig for oss å halde god kontakt med heimen til konfirmanten gjennom året. Difor legg vi óg opp til eit par info-samlingar med foreldre/føresette der vi et eit måltid i lag, fortel om arbeidet og orienterer om planane framover, og opnar for spørsmål og innspel. Dersom du som vaksen ynskjer å vera meir involvert i konfirmasjonsarbeidet, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Os kyrkjelege fellesråd

Kyrkjekontoret ligg i Tunet kyrkje- og kultursenter i Os sentrum.

Besøksadresse: Øyro 49, 5200 Os
Postadresse: Postboks 209, 5202 Os

Fakturaadresse:
Os sokneråd
Postboks 209
5202 Os


eller epost: mb.20018@xledger.net
Org. nr. 976995155

Telefon: 56 57 24 00  
E-post:  post.os@kyrkja.no
Telefon- og besøkstid:
måndag-fredag 09-14

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"