Vi vil gifte oss. Kva gjer vi?

Det er mykje å hugse på når ein planlegg bryllaup. Denne hugselista er viktig for å ha alt på plass til den store dagen. I tillegg har ein høve til å gje vigselen i kyrkja eit personleg preg.

1. Avtale tid og dato

De har truleg alt avtalt tid og dato for vigsel med kyrkjekontoret. Dersom ikkje, gjer det i god tid.

2. Fyll ut og lever skjema til kyrkjekontoret

Fyll ut og send/lever skjemaet Vi ønskjer kyrkjeleg vigsel til Os kyrkjekontor så snart som mogleg. 

3. Send skjema til Folkeregisteret

Under Viktige skjema finn du dokument som må sendast til myndigheitane før vigselen kan gjennomførast. 

4. Lever prøvingsattest til kyrkjekontoret

Original prøvingsattest må vere på kyrkjekontoret seinast 14 dagar før vigsla. Dette er brudeparet sitt ansvar. Utan prøvingsattest, ikkje noko bryllaup! NB: attesten er gyldig i fire månader frå han blir utferda.

5. Vigselssamtale

Gjer avtale om vigselssamtale med presten når tida nærmar seg. I samtalen går vi gjennom planleggingsskjema og snakkar om det å leve saman.

 

I tillegg har brudeparet på fleire område høve til å velje korleis vigselsgudstenesta skal utformast og sette sitt personlege preg på seremonien. Difor bør prest/kantor og brudepar starte planlegginga av bryllaupet i god tid. Nedanfor lister vi opp nokre tema de kan vere greitt å tenke gjennom.

Musikk og symbolhandlingar

Deltakarar i bryllaupsfølget og/eller andre kan medvirke med musikk, høgtlesning eller andre kulturelle innslag. Her er det takhøgd for kreativitet og deltaking for å gjera seremonien endå meir personleg og særprega. Det kan her til dømes åpnast for element som understreker brudeparets etniske bakgrunn eller eventuell tilhøyrighet til andre kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja. Biskopen kan godkjenne at ein representant frå vedkommande kyrkjesamfunn deltek ved vigselshandlingane.
Enkeltelementa i seremonien - slik som musikk, opplesing og andre innslag - skal utformast i samsvar med at ein vigsel i kyrkja er ein heilag, kyrkjeleg handling innanfor ramma av ein gudsteneste. I kyrkja bruker vi berre levande musikk. Vår organist har laga ein CD der ein kan høyre utdrag av forslag til musikk til inngang/utgang. Ta kontakt med presten som skal vigsle dykk, slik at de i lag kan finne gode løysingar og få klarleik i korleis ein kan sette eit personleg preg på vigselsgudstenesta. 

Dersom de ynskjer å hyre utøvarar til å bidra med kulturelle innslag, vil kyrkja ofte kunne formidle kontaktinformasjon til lokale musikarar og liknande.

Pynting av kyrkja

Vi pyntar altaret med lys og blomar. Dersom de vil pynte meir må de ordne det sjølv. Ved fleire bryllaup same dagen, kan de gjerne samarbeide med andre brudepar, kyrkjekontoret formidler kontaktinformasjon om det trengst. Det er diverre ikkje tillatt å strø roseblad i midtgangen då dette set flekkar på løparen.

Skriftlesingar 

Det listast opp ei rekke forslag til skriftstader frå Bibelen i ordninga for vigsel. I praksis står hele Bibelen til disposisjon for å finne tekstar som passer for ditt bryllaup. Kva skal trekkjast fram? Er det tema som tyder noko særskild for brudeparet, eller noko de vil leggje spesielt vekt på?

Høgtlesing av tekstane 

Medlemmar av bryllaupsfølget kan gjerne delta med skriftlesing. Kva ynskjer brudeparet? Kanskje ei syster eller ein bror kan lesa? Forlovarar? Vener eller andre i familien? Eller vil brudeparet helst at presten skal lesa?

Overrekkelse av ringer

Det er mogleg - men ikkje påkrevd! - å ta på ringar under seremonien. Om ein ynskjer det, kan brudgom og brud markere overrekkinga av ringene til kvarandre ved sjølv å seie fram følgjande etter presten: "[Namn], eg gir deg denne ring som eit teikn på mitt løfte om kjærleik og truskap." Dette kan óg seiast på bokmål om ein ynskjer det. Hugs å avtale dette med presten i forvegen!

Fotografering kan de gjere fritt ved inngang og utgang. Under sjølve vigsla ynskjer vi at berre ein på førehand avtalt fotograf tek bilete.


Videokamera kan brukast, utan ekstra lys, dersom ein filmar frå ein av kyrkjebenkane, eller frå galleriet, og ikkje stadig beveger seg rundt.


På kyrkjetrappa etter vigsla ber vi om at de tek omsyn til gjester i neste vigsle slik at de vert ferdige i rimeleg tid. Det er diverre ikkje høve til å servere drikke eller kaste konfetti, ris e.l. på kyrkjetrappa. Men kva med å blåse såpebobler?

Desse punkta er det lurt å tenke over og samtale om på førehand. Gjennom god planlegging i samråd med kyrkja kan ein gjera vigselen til ein særmerkt, personleg og unik seremoni.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Os kyrkjelege fellesråd

Kyrkjekontoret ligg i Tunet kyrkje- og kultursenter i Os sentrum.

Besøksadresse: Øyro 49, 5200 Os
Postadresse: Postboks 209, 5202 Os

Fakturaadresse:
Os sokneråd
Postboks 209
5202 Os


eller epost: mb.20018@xledger.net
Org. nr. 976995155

Telefon: 56 57 24 00  
E-post:  post.os@kyrkja.no
Telefon- og besøkstid:
måndag-fredag 09-14

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"