Gjevartenesta

Gje ei gåve til fellesskapet

Kor mykjepengar kan forsvinne frå kontoen din kvar månad utan at du merkast ved det? 50 kroner? 100,-? 500,-? 1000,- Eller meir?

Uansett kva svaret er - kyrkjelyden treng nye faste gjevarar. Du er kanskje ein av dei som er utfordra på slike teneste før, men så har det ikkje blitt noko av det. Mitt lille bidrag betyr så lite... Eller det har vore tungvint å få det til. Det er framleis behov for ditt bidrag - stort eller lite.

Soknerådet har ein draum om å halde innsatsen oppe på barnearbeid, ungdomsarbeid, kyrkjeleg omsorg/diakoni, musikk. kulturarbeid, mediearbeid og trosopplæring.


Vi har eit fantastisk kyrkje- og kultursenter i TUNET.
I vanlege tider er det kvar veke fleire hundre personar innom Tunet eller kyrkjene våre. Dei delktek i kor, Ungdomstunet, TenSing, konfirmasjonsarbeid, speidar, Koinonia, TITT og andre møter og foreiningar- og ikkje minst gudtenester.

Kommunne og stat bidreg med midlar til drift av kyrkjer, gravplasser og naudsynt mannskap til forvalting og drift av kyrkjene.
Men det er vi, kyrkjelyden, som må bidra til å få til eit rikt og variert kyrkjelydsarbeid. Dei fleste av oss har råd til eit bidrag.

Renter og avdrag utløyser trong for ei raus gjevarteneste for at vi ikkje skal redusere innsats på viktige områder.

Målet for 2021 er å få 500 000 kroner i private gåver. Då kan vi betale avdrag og renter på lånegjelda på Tunet, med god føreseielegheit og fin kontinuietet og vere trygg for at alle aktivitetane kan fortsette som før. 

Du kan få frådrag i skattepliktig inntekt når du gjev pengegåver i storleik 500 kroner og opp til 50.000 kroner. 

Du kan teikne deg for fast gjevarteneste her.  Du må kvittere med Bank ID, så ha minnebrikke eller mobil tilgjengeleg.

Du kan gje einskildgåve med  Vipps til 20250 og skrive gåve til TUNET.

Du kan sette opp fast trekk i nettbanken din til konto 3201.53.23506.

Eller du kan kome innom kyrkjekontoret og fylle ut skjema for avtalgiro.

TAKK FOR GÅVE – TIL FELLES GLEDE OG VEKST  FOR TUNET kyrkje- og kultursenter I OS

Kontaktinformasjon for Os kyrkjelege fellesråd

Kyrkjekontoret ligg i Tunet kyrkje- og kultursenter i Os sentrum.

Besøksadresse: Øyro 49, 5200 Os
Postadresse: Postboks 209, 5202 Os

Fakturaadresse:
Os sokneråd
c/o Akasia
Postboks 4 Ytre Laksevåg
5848 Laksevåg
eller epost: mb.20018@xledger.net

Telefon: 56 57 24 00  
E-post:  post.os@kyrkja.no
Telefon- og besøkstid:
måndag-fredag 09-14

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"