Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Senior-Koinonia

Koinonia tyder fellesskap - ein god stad å vere for samtale, song og musikk, skjemt og alvor, foredrag om aktuelle tema og samling kring Guds Ord. Der godtfolk møtes!

Senior-Koinonia er Os Sokn sin "ungdomsklubb for eldre"! Mottoet for gruppa er henta frå Profeten Jeremia i Bibelen: "Frå dei skal lovsongen stiga. Og lyden av folk som skjemtar og ler." (Kapittel 30, vers 19) 

Ein stor gruppe godt vaksne samlast i Kyrkjetunet annankvar torsdag for å møte kjente og ukjente, slå av ein prat, finne fellesskap og oppleve dyktige foredragshaldarar og musikarar. Senior-Koinonia har vorte ein møteplass med god takhøgd og plass til både mykje humor og det djupe alvoret.

Samlingane tek til kl.11.30 og held fram til 14.00. Fyrst god mat, og deretter foredrag, musikk og samtale. 

Programmet for hausten 2019 er som fylgjer:

Torsdag 5. september - "Han tek ikkje glansen av livet" Om Trygve Bjerkrheim, ved Høgskulelektor Harald Myklebust. Song av Anker Turøy.

Torsdag 19. september - "Eg var flyktning - Opplevingar på Lesvos" v/kyrkjelydspedagog Gro Helen Skjælaaen. Song av Gro Helen og Ingrid Vik.

Torsdag 3. oktober - "Eg er ein selar" v/kaptein Svein Bakke.

Torsdag 17. oktober - "Jødene i Danmark og Norge rundt krigen" v/professor Leiv Magne Hove. Song av Jan Tørres Nordstrand.

Torsdag 31. oktober - "La maksen falle" v/sokneprest Gunnar Kolaas. Song av Hymnos.

Torsdag 14. november - "Episoder frå eit liv i kyrkja" v/kyrkjevere emeritus Gerhard Hansen. Song av Toril Myklebust Lie.

Torsdag 28. november - "Gi mine øyne lys" - Om tru og depresjon v/bymenighetsprest Vidar Mæland Bakke. Songinnslag. 

Torsdag 12. desember - "Eit liv på reis med evangeliet" v/evangelist Liv rolfsnes. Song av Hagaviktrioen.

 

Hjarteleg velkommen til godt lag på Senior-Koinonia!

Kontaktinformasjon for Os kyrkjelege fellesråd

Kyrkjekontoret ligg i Kyrkjetunet i Os sentrum.

Besøksadresse:

Øyro 49, 5200 Os

Postadresse:

Postboks 209, 5202 Os

Fakturaadresse:

Os sokneråd

c/o Akasia

Postboks 4 Ytre Laksevåg

5848 Laksevåg

eller epost: faktura.os@akasia.no

Telefon: 56 57 24 00  

E-post:  post.os@kyrkja.no

Telefon- og besøkstid:

måndag-fredag 09-14

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"