Dersom du likar å lage musikk/spele på trommer, forme med leire, danse, male, veve eller lære å inprovisere? Då trur vi du vil trivast på Skapingsdagane!
Kurs:
- Maling og dans
- Trommer og kunst og handverk
- Drama og leire
Borna vel seg ein «pakke»/kurskombinasjon, der dei får dei same to kursa begge dagane. Det er ikkje mogleg å endre på desse kombinasjonane. Sjå saman med borna om begge kursa i kombinasjonane kan falle i smak. Ta kontakt om de har spørsmål til innhaldet i kursa.
Dagsrytmen:
09.00: Registrering og morgonsamling i Os kyrkje
09.30: Skapingsøkt
11.30: Lunsj og leik - Borna tar med matpakke. Dei får drikke og frukt.
12.30: Skapingsøkt
15.00: Slutt. Barna hentes i Os kyrkje.
Kven? Born fødd i 2017 og 2018 (1. og 2. trinn)
Når? Mandag 23. - onsdag 25. juni 2025
Kva? Tre dagar med skaping, undring og leik i lag!
Gruppene blir leia av erfarne kunstnarar, men kanskje du som vaksen har lyst til å vera med?
Vi treng frivillige til å:
- Hjelpe til på eit av kursa — 1, 2 eller 3 dagar.
- Vere lunsjvakt (kl 11.15-12.45 kvar dag)
Kanskje har barnet ditt besteforeldre som kan hjelpa til?
Skriv deg/dei inn ved påmeldinga. På førehand takk for hjelpa!
Påmelding: trykk her
Påmeldingsfrist: innan 8. juni 2025!
Pris: Ordinær pris kr. 500,- Søskenrabatt på kr. 150,-
Ingen skal måtte utebli grunna økonomi. Har de utfordringar med å betale kontingenten? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss på e-post st575@kyrkja.no (Sigurd Rotvik Thuensveit).
Betaling: skjer med Vipps til #811281 (merk med namn på barnet).
Har du ikkje VIPPS, ta kontakt, så får du tilsendt giro.
Om barnet ditt har behov for individuell oppfølging / tilrettelegging er det svært viktig at de melder frå om dette på førehand.
Skriv kommentar ved påmelding eller ta kontakt, så vil vi gjere vårt beste for at ditt barn får ei god oppleving!
Vi gler oss til å dele desse dagane med deg!