Som tidlegare år går Os kyrkjelyd i lag med frivillige krefter i Os kulturutvikling om å skipe til SOLIDARITETSKONSERT I OS KYRKJE TORSDAG 19 DESEMBER KL 19:30.
Konserten er gratis.
Gåver som vert samla inn, går uavkorta til Flyktninghjelpen (NRC) som driv humanitært arbeid blant internt fordrevne og flyktningar frå kriger som pågår i desse dagar rundt om i verda.
Konserten set fokus på solidaritet og er ein "dugnad" mellom publikum, arrangørar og musikarar.
Solidaritet og nestekjærleik kan ikkje verdsettast i kroner. Det å vere til stades for kvarandre, vise omtanke, rausheit og gjevarglede står sentralt i vår julefeiring og er ein del av høgtida, både i kyrkja og ellers.
Me ser fram til ein kveld med fin musikk og masse hjertevarme - vel møtt!
Arrangementskomiteen
Bidragsytarar:
Anna Neset
Waterwagon
Eirik Søfteland og Olav Skorpen
Mighty Magnolias
Res
Johny Olsen og Audun Røttingen
Tetiana Sorochan og Aasmund Brekke
Appell ved Steinar Birkeland
Konferansier Karl Ole Midtbø
Arrangør: Os Kulturutvikling og Os kyrkjelyd
Alle inntekter denne kvelden går til Flyktninghjelpen
Støtt tiltaket ved å bruke VIPPS-nummer #778490!