Få stader sit praten like laust som over ein kaffikopp på kafé. Difor er det ein perfekt stad å lære seg språk! Gjennom samtaler med gamle og nye kjente trener vi på å snakka og forstå språket vi bruker i kvardagen. Og kanskje lærer du deg nokre fraser på framande tungemål óg?
Språkkafeen er både for deg som ynskjer å øve på å snakka betre norsk, og for deg som vil hjelpe andre til å snakka betre norsk. Vi treng begge delar for at denne møteplassen skal verte god og verknadsfull!
Vi har og leksehjelp for ungdomskule og videregående elever. Ta kontakt med diakon/kyrkjekontoret.
Tilboda finn stad i Tunet Kyrkje- og kultursenter. (Adresse: Øyro 49, 5200 Os)Følg med i kalendaren og bli gjerne medlem i Facebook-gruppa "Språkkafeen i Os"!
Vil du hjelpe til?
Å lage til språkkafeen? Å leike med borna? Å rydde opp etter språkkafeen?
Ta kontakt!
Dette er eit samarbeid mellom Os kyrkjelyd, Norsk folkehjelp i Os, Norske Kvinners Sanitetsforening i Os og Busetting og flyktningtenesta i Bjørnafjorden.
NB! Alle friviliige må levere politiattest!