Gudsteneste

Gudstenesteliv

Gudstenesta er kyrkjelydens felles samlingspunkt. Det er eit fellesskap kor menneske samlas – eit fellesskap som samlar seg rundt trua på Gud og Jesu Kristi oppstode. Ei gudsteneste er ikkje ein konsert eller eit show, men et samlingspunkt kor vi saman skaper gudstenesta sitt innhald gjennom ord, bøn og song.

Vi har mange ulike gudstenesteformer og feirar eit mangfaldig gudstenesteliv. Vi er ulike menneske med ulike uttrykksmåter, og dette skal også gjenspeglas gjennom gudstenestelivet. Av den grunn vil nokre gudstenester ha uttrykk som er spesielt retta mot blant anna born, ungdom, vaksne, psykisk utviklingshemma osv.

 

Vi kan dele gudstenestane våre inn i fire kategoriar.

 

Gudsteneste med dåp og/eller nattverd:

Det "vanlege" gudstenesta er tradisjonell i formen, men kan gjerne ha varierte innslag, til dømes presentasjon av konfirmantar eller nye tilsette i kyrkja, musikkinnslag eller liknande. 

 Gudsteneste med born og unge:

Denne gudstenesta er noko enklare i oppbygging, og det er deltaking av born og unge på ulike måtar. På desse gudstenestene har ein til dømes utdeling av Mi Kyrkjebok til 4-åringar eller 6-åringar, innslag frå barnegrupper og liknande. 

 Gudsteneste med band:

Om lag ein gong i månaden har vi gudsteneste med band. Denne samlinga er noko friare i formen enn dei andre gudstenestene våre. Songen og musikken er ved frivillige band med noko ulik besetning og forsongarar frå gong til gong. Her kan ein både høyre mange lovsongar av nyare dato, og velkjente salmar. Det vil oftast vera nattverd på desse gudstenestane, og dei feirast vanlegvis i Os kyrkje.

Dåpsgudsteneste:

Om lag ein gong i månaden har vi ein kortare dåpsgudsteneste, som er særskild tilpassa dåp. Dette er ei komplett gudsteneste, men vi feirer ikkje nattverd, og har eit litt kortfatta program for å kunne invitere fleire born til dåp. NB! Det er mogleg å døype born også i dei andre gudstenestetypene! Dåpsgudstenestane startar klokka 10.00 og feirast i Os kyrkje. 

Taizè-messe:

Ei meditativ gudsteneste prega av ro – eit høve til å finne igjen kvilepulsen frå ein hektisk kvardag. Det vil vere tid for ettertanke, meditasjon og stille bøn