Vi ser det dessverre som nødvendig å flytte konfirmasjonane til hausten. Dette er eit tema vi har diskutert tidlegare i vinter, men med dei siste nyhenda med forseinking av vaksineprogrammet og utbrot av ein meir smittsam mutasjon, har vi konkludert med at vi må flytte konfirmasjonane.
Konfirmasjonane blir følgjande datoar:
Fjell kyrkje:
- Laurdag 11. september
- Søndag 12. september
Foldnes kyrkje
- Laurdag 28. august
- Søndag 29. august
- Laurdag 4. september
Landro kyrkje
- Laurdag 4. september
- Søndag 5. september
Har du spørsmål, ta kontakt.