Annlaug Børve blir ny kyrkjeverje i Øygarden

1. september går Olav Martin Vik av som kyrkjeverje i Øygarden. Ny kyrkjeverje er Annlaug Børve. Leiarskiftet vart avklart og bestemt i samanslåingsprosessen.

Du har vore med i prosessen med å slå saman fellesråda i Fjell, Sund Øygarden. Når du no ser tilbake, korleis var denne tida?

Eg er ein type som likar å vere undervegs, og syntest difor først og fremst prosessen var spennande og utviklande. Mellom anna jobba vi med å utarbeide ein felles visjon og verdiar for det nye fellesrådet, og i den prosessen delte vi våre personlege visjonar med kvarandre. Det var både inspirerande og trusstyrkande. Eg opplevde også at det var ein god prosess i høve til at alle vart engasjerte, og at vi vart godt kjende på tvers av dei gamle fellesrådsgrensene. Så er det ikkje til å stikke under ein stol at det mykje som skulle gjerast, og dermed var det også ei ganske travel tid.

Du skal leie det nest største kyrkjelege fellesrådsområdet i Vestland, kva tankar gjer du deg?

Eg tenkjer at det er eit privilegium å få vere leiar i eit stort fellesråd med mange dyktige, kreative og engasjerte medarbeidarar. I eit slikt miljø handlar leiing i stor grad om å støtte og leggje til rette for at den enkelte får brukt mest mogeleg av dei evnene og gåvene som han eller ho har. Viktige nøkkelord er samarbeid og tverrfaglegheit – alle må få sleppe til. Så er det også viktig å vere bevisst på at kyrkjelydane innan fellesrådsområdet vårt er forskjellige, og at dei skal få vekse og utvikle seg med kvar sine særpreg, tilpassa behovet til menneska lokalt.

Kva vil du prioritere først av oppgåver når du no tek over som kyrkjeverje i Øygarden?

Eg er heldig å få ta over eit veldrive fellesråd, der mykje handlar om å vidareføre det gode arbeidet som allereie er etablert. I dette arbeidet vert vi i stort og smått sett på val, daglegdagse etiske dilemma og problem må finne si løysing. Det er viktig at vi har ein etisk sensitivitet som gjer at vi oppdagar og kan setje ord på slike situasjonar, og kan reflektere over kva som er dei rette og gode vala. Dette handlar om at verdiane våre skal få konsekvensar for handlingane våre. Eg vil prioritere høgt å arbeide for ein kultur der vi saman reflekterer over praksisen vår, kva haldningar som bør prege arbeidet, og korleis rutinar og system bør vere innretta for at tenestene våre skal halde høgast mogeleg fagleg og etisk kvalitet.

_MG_3259.jpg

Kva tenkjer du vert hovudutfordringar framover?

Eg tenkjer at det er ei stor utfordring for oss å hindre utanforskap. Nokre sentrale utviklingstrekk kommunen peikar på er at fleire menneske står utanfor fellesskapen som følgje av mangel på økonomiske og materielle ressursar. Det er aukande grad av barnefattigdom og ungdom som ikkje har tilgang på sosial støtte, og mange einsame mellom oss, for å nemne noko. Dette utfordrar oss sterkt på det diakonale området, og på vår evne til samskaping, å arbeide saman med andre aktørar for at menneske skal kunne definere seg innafor.

Ei anna utfordring er å få tak i dei ressursane vi treng for å utføre det arbeidet vi ønskjer, både menneske og økonomi.

Kva rolle ser du for deg at kyrkja vil spele i lokalsamfunnet i åra som kjem?

Eg ser for meg ei kyrkje som er aktivt deltakande i å skape eit godt og rettferdig samfunn her i Øygarden. Då må vi kanskje vere litt meir på «bortebane» enn det vi er i dag, vi må ha meir samskaping, og vere meir oppsøkande.

Eg ser for meg at vi skal vere ei kyrkje for alle, som er på dei svakaste si side, og kan vere ei stemme for dei som ikkje maktar å stå opp for seg sjølv. Vi må vere ei kyrkje som følgjer i Jesus sine spor.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Åpningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"