Konfirmasjonsfeiring og smittevernreglar

–Det er fullt mogleg å gjennomføra ei minneverdig konfirmasjonsfeiring sjølv om smittevernreglane får konsekvensar for arrangementa. Det seier smittevernlege i Øygarden, Jens Eikås.

Tekst: Vigleik Brekke

Smittevernlegen har fått mange spørsmål knytt til gjennomføring konfir­masjonar. Dette gjeld både sjølve konfirmasjonsgudstenesta og private familieselskap.

–Det kan arrangerast private selskap i grupper på maksimalt 20 personar. Her er regelen at ein skal halda avstand på minst eín meter til kvarandre, med unnatak av dei du bur med til vanleg, seier Eikås.

DSC_9248 – Kopi-2.jpg
Smittevernlegen i Øygarden, Jens Eikås.
Foto: Vigleik Brekke

Dersom det er ønskeleg med fleire deltakarar enn 20 personar, er det mogleg å gjennomføra eit arrangement på offentleg stad. Her er grensa 200 gjester.

–Dette kan gjennomførast i lokale som vert leigt eller lånt ut. Døme på dette kan vera hotell, selskapslokale, grendehus, forsamlingshus og hallar. Alle slike arrangement skal ha ein ansvarleg arrangør som mellom anna skal sikra at alle følgjer regelen om avstand på eín meter og har oversikt over alle som er til stades. Oversikta er viktig dersom det skal gjennomførast smittesporing, seier Jens Eikås.

Slike arrangement skal ha ein arrangør (profesjonell aktør eller privatperson).

–Også her er det viktig å følgja alle dei andre smittevernreglane om avstand (minst eín meter), god handhygiene, godt reinhald, minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr. Det er også viktig å sjå til at det ikkje er sjuke personar til stades på arrangementet, seier Jens Eikås.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Åpningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"