Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Koronaviruset: Gravferd i Øygarden, viktig informasjon til alle

Denne informasjonen gjeld for gravferdsbyrå og andre som treng informasjon om gravferd i Øygarden,  uavhengig av tru- og livssyn. Me er her for å gi råd og rettleiing og saman kan me finne gode løysingar i ei tid som synes uoversikteleg for mange. Me har dyktige medarbeidarar i alle ledd.

Gravferder i Øygarden går som normalt, men seremoniar og oppmøte på grava følgjer førebyggande råd og pålegg frå Folkehelseinstituttet og lokal smittevernmyndigheit (Øygarden kommune). 

Gravferder skal skje med verdigheit og respekt, også for pårørande. 

For spørsmål ta kontakt med vårt kyrkjekontor: e-post post.oygarden@kyrkja.no eller telefon 55097440 måndag-fredag kl. 10.00-14.00.

GENERELT / FRAMMØTE PÅ GRAVPLASSEN VED GRAVLEGGING

Gravferdslova og smittevernlova vert følgd for gjennomføring av gravferder for avdøde uavhengig av tru- og livssyn. Det er kyrkjeverja som forvalter gravferdslova etter delegasjon frå kyrkjeleg fellesråd. 

Ved gravferd følgjer våre tilsette gjeldande ordning og tiltak for førebyggande smittevern og vil handheva tiltaka ved utføring av sitt arbeid og si rolle.

GRAVFERDSSEREMONI I KYRKJENE I ØYGARDEN

Inntil 20 personar kan delta i gravferda. Deltakande vert plassert spreidd i kyrkjerommet (dersom ein ikkje høyrer til i same husstand). Deltakartalet inkluderer nære pårørande, familie og andre deltakarar. Tenestegjerande personell (tilsette i Den norske kyrkja og tilsette i gravferdsbyrået) kjem i tillegg.

Det er ikkje høve til å ha minnesamvær i våre bygg (kyrkjelydssalar og andre rom i kyrkja), så lenge pålegg om smittevern er gjeldande.

Personar som set i karantene som følgje av koronaviruset må ikkje møte opp i gravferder. Det er brot på karanteneglane.

Presten vil ta kontakt med pårørande på vanleg måte for samtale før gravferda. Også presten følgjer råd og pålegg frå Folkehelseinstituttet og lokal smittevernmyndigheit. 

GRAVFERDSSEREMONI UTANFOR KYRKJER/KYRKJEROMMET (IKKJE DEN NORSKE KYRKJA SI ORDNING)

Seremoniar utanfor Den norske kyrkja si ordning (ikkje i kyrkjene) er ikkje vårt ansvar. Den som arrangerer seremonien er ansvarleg for å følgje Folkehelseinstituttet sine råd og pålegg, samt råd og pålegg frå lokal smittevernmyndigheit. 

STRØMMING AV GRAVFERDER

Det er anledning til å strømme gravferder. Ordninga er slik for gravferder i Øygarden:

  • Gravferdsbyrået eller pårørande er fullt ut ansvarleg for heile opplegget, det tekniske og gjennomføringa.
  • Det må innhentast samtykke frå tenestegjerande prest, tilsette som vert eksponert og alle andre deltakande etter gjeldande personvernregla. Byrået eller pårørande må sørge for å innhente samtykke.

ANNAN INFORMASJON

Sjå fana GRAVFERD i hovudmenyen. 

Olav Martin Vik,
kyrkjeverje 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Åpningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 55 09 74 40
post.oygarden@kyrkja.no

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

Bankkonto: 1506.35.46515
OCR: -   1560.35.46523

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"