Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ledig stilling: Fagarbeidar kyrkjebygg og gravplass/kyrkjetenar

Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer Fagarbeidar kyrkjebygg og kyrkjegard/kyrkjetenar – 100% stilling. Ønskjer du å arbeide med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø? Då kan dette vere stillinga for deg.

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i nye Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi ønskjer å etterleve.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 38 500 innbyggarar og 28 600 medlemer. Innan fellesrådsområdet er det 8 kyrkjer og 17 gravplassar. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og i tverrfaglege sokneteam. Stillinga som fagarbeidar kyrkjebygg og kyrkjegard/kyrkjetenar høyrer til seksjon for kyrkjer og gravplassar.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide og revidere planar for vedlikehald av kyrkjer og andre bygg fellesrådet har ansvar for i samråd med leiar
  • Føre elektronisk oversikt over vedlikehaldsbehov, planar og utført arbeid
  • Fagleg rettleiing og oppfølging  av medarbeidarar som har ansvar for dagleg vedlikehald av kyrkjer
  • Utføre vedlikehaldsarbeid på bygg
  • Bistå i anskaffingsprosessar ved behov for kjøp frå eksterne leverandørar
  • Graving og vedlikehaldsarbeid på kyrkjegardane i Øygarden
  • Gi god service og vere imøtekommande overfor besøkjande i kyrkjene og på kyrkjegardane
  • Klargjere kyrkjer og gjere teneste ved gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre arrangement

Kvalifikasjonar

  • Byggteknisk utdanning med fagbrev som til dømes tømrar eller murar
  • Personar utan formelle faglige kvalifikasjonar vil kunne bli vurdert med utgangspunkt  i dokumentert arbeidserfaring
  • Må kunne forstå og arbeide etter tekniske teikningar
  • Relevant erfaring innan bygg og anlegg
  • Må kunne bruke IKT som arbeidsverktøy i det daglege arbeidet
  • Må kunne kommunisere godt på norsk
  • Førarkort klasse BE

Personlege eigenskapar

  • Du er ein utprega lagspelar, og har evne til å spele andre gode
  • Du er ein praktikar med sans for detaljar på det estetiske området
  • Du er eit ordensmenneske, og arbeider strukturert og effektivt
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du har evne til å omstille deg

Vi tilbyr

  • Spelerom til å utvikle stillinga i samarbeid med leiar
  • Eit godt samarbeid innan både innan seksjon for kyrkjer og gravplassar og innan staben for øvrig
  • Eit arbeidsfellesskap der det er mange å spele på lag med
  • Høve til personleg og fagleg utvikling
  • Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsmedlemsskap i KLP

 

Anna

  • Du må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Stillinga vil gå inn i eit teamarbeid på driftsavdelinga. Fagarbeidar kyrkjebygg og gravplass/kyrkjetenar samarbeider også med øvrig stab
  • Vi søkjer ein medarbeidar som kan gå inn i helgeteneste, med 1 helg arbeid og 3 helger fri. Helgetenesta kan på sikt verte auka til teneste annakvar helg. Noko kveldsarbeid må også påreknast

 

 Søknadsfrist: 09.03.2020

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Åpningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 55 09 74 40
post.oygarden@kyrkja.no

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"