Fjell kyrkjelyd har samarbeid med Foldnes og Landro kyrkjelyd om konfirmantarbeid, om leiarkurs for ungdom, kor og ungdomsklubbar. I tillegg har Fjell eigen tweensklubb (målgruppe 10 – 14 år) og eigne bibelgrupper for tweens. I sokneteamet i Fjell vil du, saman med sju andre medarbeidarar utgjere den lokale staben. Du vil også vere ein del av ein fagseksjon «Seksjon for barn og unge» der alle pedagogar og ungdomsarbeidarar i heile fellesrådet tek del og møtest jamleg for erfaringsdeling, samarbeid, faglege drøftingar og fellesskap. Vi er 18 medarbeidarar i seksjonen, i små og store stillingar.
Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer teamleiar ungdom/kyrkjelydspedagog
Stillinga er knytt til felles ungdomsarbeid (forkorta FUNK) for dei tre sokna våre Fjell, Foldnes og Landro, med hovudvekt på Fjell sokn. 100% fast stilling. Tiltreding 10. august eller etter avtale.