Bli med på fasteaksjonen!

Fasteaksjonen er Kirkens Nødhjelp sin årlege innsamlingsaksjon. Med utgangspunkt i dei tre kyrkjene våre er konfirmantar og frivillige med på å gå med bøsse i sitt nærområde. I 2020 blir Fasteaksjonen søndag 29. april kl. 16.00-19.30.

Tradisjonen tru går Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon av stabelen ei veke før palmesøndag. Årets tema er "Gi eit liv med vatn!".

Fasteaksjonen har som mål å samle inn pengar til dei som treng det mest. Kirkens Nødhjelp driv arbeid for ei rettferdig verd i mange land verda over.

For over 50 år sidan bestemte kyrkjelydane i Norge seg for å ha ein årleg innsamlingsaksjon til Kirkens Nødhjelp sitt internasjonale arbeid. Sidan 1967 har kyrkjelydar over heile landet løfta aksjonen til stadig nye høgder. Fasteaksjonen gjer det mogleg for Kirkens Nødhjelp å reagere raskt og med stor kraft ved akutte katastrofar, samtidig som dei kan fortsetje med sine langsiktige utviklingsprosjekt.

«Ikke siden annen verdenskrig har flere mennesker vært på flukt. Derfor er Fasteaksjonen viktigere enn noensinne.»
Helene Wibe Nesvold, prosjektleiar for Fasteaksjonen i Kirkens Nødhjelp

I år feirar vi det reine, livgivande, livsnødvendige vatnet. For reint vatn er ikkje berre ein menneskerett. Reint vann er ikkje berre ei kjelde til helse, tryggleik og utvikling. Tilgang til reint vatn gir tid og overskudd til å realisere drømmar, til å skape seg ei framtid, og ja, til å leike.  

Aksjonspengane som blei samla inn i fjor har blant anna gått til å gi kongolesiske flyktningar vatn og latriner i flyktningleirane i Angola. I år skal over ein million nye menneske få bærekraftig tilgang til reint vatn, berre gjennom Kirkens Nødhjelp sitt arbeid!

 

Som ein del av kyrkja har vi fått eit ansvar for verda, og vi ønskjer å dele av alt det vi har fått med dei som har fått lite. Derfor ønskjer vi som kyrkje å sette fokus på Fasteaksjonen. Ein enkel måte å vise at vi bryr oss, også om menneske vi ikkje kjenner.

I fjor samla vi inn over 170 000 kr til Fasteaksjonen i Fjell, Foldnes og Landro.
  Ver med å gjere årets resultat endå bedre!

Til Fasteaksjonen treng vi hjelp frå frivillige som bøsseberarar, bollebakarar, sjåførar og praktisk hjelp (registrering av bøsseberarar og teljing av pengar)under aksjonen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"