Oppmøte og registrering på parkeringsplassen nedanfor Foldnes kyrkje. Vi vandrar eit kort stykke langs “den nye kyrkjevegen” frå Foldnes kyrkje i retning Hjelteryggen. Påskeforteljinga blir fortalt på ulike stasjonar ved løypa, og siste stopp er inne i kyrkjerommet.
Vandringa skjer gruppevis. Nokre dagar før T2-dagen sender vi ein SMS med info om nøyaktig oppmøtetid for din familie.
Heile familien er velkommen, meld gjerne på innan onsdag 30. mars slik at vi kan førebu oss best mogeleg.
Pris: 30 kr pr. familie, Vipps #82511. Hugs å merke betalinga med T2 og namn på barnet.
Vi gler oss til å sjå dykk!