På T12-LysVaken handlar det om å setje gode spor og vere lys vakne for kvarandre og for verda.
Vi skal snakke om misjon og diakoni, om Paulus og om Thailand. Vi skal ete god mat saman, leike, undrast, syngje … og sove! For sjølv om vi søv, er Gud alltid vaken – for oss.
Program for helga:
Fredag:
- 18.00-18.30: Registrering og brødmat
- Svisj - vi er saman
- Sporløp
- Tacofest
- Ord for natta
laurdag:
- Lys vaken og klar for frukost!
- Kl 10: Perlevandring og morgonsamling saman med foreldra
- Kl 12: T12 Lys Vaken er ferdig
Vi gler oss til T12 LysVaken saman med deg!
NB: Denne gongen blir både sjuande- og åttandeklassingane inviterte til LysVaken. Dette skuldast at T12 i fjor blei utsatt pga strenge smittevernreglar. I år gjennomfører vi LysVaken med eit avgrensa tal på deltakarar. Vi oppmodar dykk difor til å melde dykk på raskt. Når kyrkja blir «full», vil det vere mogeleg å melde seg til Søgnie på epost sn725@kyrkja.no for å stå på venteliste. Vi treng mange «englevakter» (les: foreldrehjelp) på LysVaken, mellom anna som vakne nattevakter. Meld deg gjerne som foreldrehjelp via påmeldingsskjemaet. På førehand tusen takk!