Ledig stilling kyrkjetenar i Rogne kyrkje

Vil du ha ein jobb som gjer meining og bidreg i lokalsamfunnet? Som kyrkjetenar kan du hjelpe mange til å gjere dei viktigaste hendingane i livet meir minneverdige. Du får også vere med på å drive og halde ved like kyrkja.

Rogne kyrkjetårn foto Saskia Aleida Van Veen

Kva vi ser etter

Ein person som er villig til å ta i eit tak og vil bidra til samfunnet. Personlege eigenskapar blir sterkt vektlagt. Praktisk sans og stå på vilje er ein stor fordel.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste oppgåvene til kyrkjetenaren er mellom anna

  • Ansvar for at kyrkja er klargjort og vert rydda i samband med gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Gjere vaktmeisteroppgåver som løypande tilsyn etter hugseliste, og rapportere til dagleg leiar
  • Ringe med klokkene etter soknet sitt reglement
  • Andre  forefallende oppgåver
  • Plenklypp av kyrkjegarden om du vil.

 

Vi tilbyr

Ein meiningsfull jobb som gjer mange gode opplevelser for den rette personen.

Fellesrådet er teneste- og forvaltningsorganet for Den norske kyrkja sine 4 sokn innan Øystre Slidre kommune, som ligg i Valdres prosti og Hamar bispedøme.
Vi ynskjer å representere ei tenande og open folkekyrkje som er til stades i livet til medlemmane - og som er ein aktiv medspelar i offentleg og frivillig arbeid for lokalsamfunnet.

Fellesrådet står for drift og vedlikehald av 4 kyrkjer - av desse ei stavkyrkje - og 4 gravplassar. Rådet tek i vare dei overordna administrative og økonomiske oppgåvene for dei lokale sokna til Den norske kyrkja, og samarbeidet med den kommunale forvaltninga.
Kyrkjeverja er dagleg leiar for denne verksemda og for 12 tilsette - ca. 4 årsverk.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"