Døypefont i Hegge kyrkje

I den åtte hundre år gamle Hegge stavkyrkje står ein døypefont som er endå eldre.

Døypefonten i Hegge kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen. Tekst: Solveig Sandberg.

Fagfolk daterer han tilbake til kring 1150 - 1200. Fonten som er laga av kleberstein frå
Gudbrandsdalen, er todelt. Underdelen har avsatsar utan dekor, medan øvstedelen har
eit flettverksband, såkalla ringkjede, rundt kanten. Ser vi godt etter, vil vi også oppdaga fleire utskorne motiv, som eit tre, ein menneskefigur, stjerner og knutar.
Det blir sagt at folk lurde seg til å hakke småbitar av døypefonten. Det var ikkje legehjelp
å få og ei pille for alt som var ille i gamal tid. Desse bitane la dei i ei veskeblanding som
vart nytta som botemiddel ved all slags sjukdom. Folk laga seg også salver til å smørja på
sår av det dei fekk brote av. Dette kan vera noko av forklaringa på det store skalet i kanten på døypefonten i Hegge kyrkje.
I gamle dagar var det viktig å få det nyfødde barnet døypt snarast råd og i katolsk tid
skjedde dette ved full neddykking, om det så var sumar eller vinter. Den store og djupe
døypefonten i Hegge vitnar om dette.
I døypefonten står eit døypefat av tinn frå 1500-talet. Studerer ein dette nærare,
vil ein under sjå ei løve med hellebard og inskripsjonen Michell London.
Når nokon skal døypast i dag, nyttar presten gåver som folk med sterke band til bygda og
kyrkja, har gjeve til kyrkja i nyare tid. Eit døypefat av sølv vert sett opp i tinnfatet og dåpsvatnet fraktar ein i ei sølvkanne. Sølvfatet er pryda med ei fredsdue og har inskripsjonen
«Hegge kyrkje 1959, til minne om Dagmar Hovi 1907-1959». Johan Håvi, som var organist i Hegge kyrkje i 43 år, gav dette til kyrkja etter at han miste kona si. Dåpskanna har inskripsjonen «Til Hegge kyrkje. Til minne om Gullik R. Nordtorp og hustru Ragnhild f. Hegge. Fra deres barn i Canada og USA.
1952.» Dei fire eldste ungane til Gullik og Ragnhild var døypte i Hegge og kjende seg heile livet sterkt knytte til kyrkja. Fleire gonger kom dei tilbake hit. Gullik var sonen til Rønjus og Marit Nordtorp og Ragnhild var oldebarn av Ole Hegge som var med og gav altartavla.
Såleis har mange av oss fått signing over livsvegen i lys av gåver til fellesskapet.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"