Døypefont i Lidar kyrkje

Frå gamalt skal det ha stått ei stavkyrkjei Midtre Hegge ved garden Li.

Døypefont i Lidar kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen. Tekst: Solveig Sandberg.

Det skulle gå mange generasjonar før det kom opp ei ny kyrkje for denne delen av Øystre
Slidre. I 1902 fekk folk i grendene her sineigen kyrkjegard, men folk sakna framleis ei eiga kyrkje ved gravplassen. I 1932 sto endeleg Lidar kyrkje ferdig til innviing, då som kapell under Hegge sokn.
Går vi inn i kyrkja, vert vi møtt av eit lyst interiør der lokale kunstnarar og handverkarar har sett sitt preg. Dessutan har bygdefolket vore rause både når det gjeld å gje gåver til kyrkja og til å bruke
av si tid til beste for kyrkja. Kunstnaren Olav K. Rudi (1893-1981) skar ut altartavla og byggmeisteren som sto for sjølve kyrkjebygget, Haldor G. Skattebo (1892-1968) laga også både preikestolen, døypefonten og kyrkjebenkane.
La oss sjå litt nærare på døypefonten. Han er laga av tre og er åttekanta. Haldor Skattebo har greidd å skapa ei form som gjev assosiasjonar til dei gamle døypefontane med djup kum. Vi kan seie at han har form av eit beger eller om ein vil, kan tankane også gå i retning av å sjå han som eit timeglas. Døypefonten er dekorert med utskorne kors som minnar oss om sameininga mellom det jordiske og menneskelege og det himmelske. Såleis finn vi mange kors på denne døypefonten. Det var treskjæraren og gardbrukaren på Røsshaugen, Knut Ø. Rudi (1913-1991), som skar dei ut. Han står også bak utsmykkingane på både preikestolen, altarskranka, kyrkjebenkane, nummertavler og brudestolar.
Døypefonten er måla i blågrå og rustraude fargar medan korsa er forgylte. Målar Ivar Bakken sto ansvarleg for måling av alt inventar i 1960.
Den kanta dekkplata på toppen av døypefonten er laga med eit rundt hol til dåpsfatet. Fatet som er i sylvplett, har eit Kristussymbol, eit P X og er frå 1932. Det var ei gåve frå hoffjegarmeister Thomas Fearnley og frue. Fearnley hadde frå fyrste stund støtta arbeidet for å få til ei kyrkje i Skammestein med store pengegåver. Han ville at gåvene skulle vera eit minne om stefaren, Halvor Tobias Heyerdahl, som også var den fyrste soknepresten i Øystre Slidre.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"