Døypefont i Rogne kyrkje

Døypefonten i Rogne - ein døypefont skapt av folk i bygda - for folk i bygda

Rogne kyrkje døypefont. Foto: Saskia Aleida Van Veen. Tekst: Solveig Sandberg.

Bygdekunstaren Gudbrand T. Bolstad (1882-1968) var meister for denne døypefonten som han laga til si barndoms kyrkje.
Sjølve utgangspunktet kjem frå naturen. Ei stødig trestamme er bærar av kunstverket. Av denne har Gudbrand med kyndig hand skapt ein begerforma døypfont. Langs kanten nedst har han skore ut ein brei fletta bord. Rundt midten har han skapt store barneansikt, eller kanskje er det engleansikt? Kvart av desse er omgjevne av ein vakker vingekrans. Ansikta stirrar oppover. Slik vert fokuset retta mot dåpsvatnet og den signinga det gjev dåpsborna.
Ein utskoren lekkje-bord skapar ro og harmoni under det dreia trefatet på toppen.
Etter at Gudbrand Bolstad hadde lagt siste hand på verket, tok ein annan kar i Rogne, rosemålar Reidar O. Skattebu (f. 1867) fram målarsakene sine. Også når det gjeld fargesetting ser vi ei jordnær
tilknytning. Han har nytta gyldne, brune, blå og grøne fagar.
Det var nok ei stor høgtidstund i Rogne kyrkje i 1933 då denne døypefonten vart nytta for fyrste gong. Det bør òg forteljast at Ola Røe d.e., Erik Erikson Moe og Nils Hovi gav dei nødvendige økonomiske midlane som skulle til.
Nedfelt i døypefonten står eit gamalt dåpsfat i tinn laga av firmaet Clark i London i 1777. Utallige små born frå grendene i Rogne har vorte tekne inn i fellesskapet og fått signing over livsvegen med
vatn i dette gamle fatet.
Dåpsfatet sto tidlegare i den gamle døypefonten som enno er å sjå i Rogne Kyrkjestogo.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"