Døypefont i Volbu kyrkje

Volbu kyrkje er ei kvitmåla vakker lita trekyrkje som sto ferdig til bruk rundt 1830.

Døypefonten i Volbu kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen. Tekst: Solveig Sandberg.


Tidlegare hadde det stått ei stavkyrkjepå staden. Dendrokronologiske undersøkingar av materialar frå denne kyrkja tek oss langt tilbake i tid. Forskarar har funne ut at ho var reist omkring år 1150.
Kva for døypefont ein nytta den gongen, er ikkje godt å seie. Men det er kjent at dagens døypefont skriv seg frå 1790! Då vart det nemleg gjort store utbetringar i den gamle stavkyrkja, koret fekk himling og både taket og veggane i koret vart malte. Også altartavla som vi framleis kan gleda oss over, var ny den gongen.
Den høge og smale døypefonten er laga av tre. Han har form som eit timeglas noko som minner oss om at tida er forgjengeleg. Ser vi nøyare etter, vil vi oppdaga at både den øvre og den nedre
delen er åttekanta. Sjølve reisverket er ein innkledd stokk og kledningane er
festa med kraftige trenaglar. Oppå fonten ligg ei kanta dekkplate med opning til eit dåpsfat. Dåpsfatet er av tinn og det kan vera minst like gamalt som sjølve døypefonten sidan han er forma for å
tilpassa seg fatet. Tinnfatet har to stempelmerke som truleg står for namnet på produsenten med initialane KAS og dessutan to løver med hellebardar.
I 1927 fekk Volbu kyrkje ein ny døypefont i gåve av billedhoggaren Sigri Welhaven Krag (f. 1894). Ho hadde nære band til Volbu sidan familien hadde hytte her. Kunstnaren hadde laga ein font i kvit og blå fajanse som var i bruk til 1968. Då vart den gamle døypefonten teken inn att.
Sidan 1980 har eit vakkert døypefontklede pryda døypefonten. Ragnhild Onstad
(1919-2009), som var gardkone på Nørre Onstad, nytta teknikken firfletting og skapte ein krans rundt dåpsfatet. Med utgangspunkt i materialar frå skogen i timeglasform heng dei jordnære lintrådane som eit lysande slør over tida og livsvegen til dåpsbarnet.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"