Når kan ein bli døypt?
Dåp i Øystre Slidre sine kyrkje er ope for alle, uansett alder. Ettersom vi er ein del av Den norske kyrkje og er del av den Lutherske tradisjonen døyper vi oftast borna kort tid etter dei er fødd. Dette blir gjort i ein gudsteneste.
Viss ein ikkje er døypt og ønskjer å bli døypt som ungdom eller vaksen er ein hjarteleg velkommen til det. Dåp av ungdommar og vaksne kan gjerast i dei ordinære gudstenestene, men det kan og gjerast i anna form utanfor gudstenesta.
Er ein medlem av eit trussamfunn innan ei anna religion, og ønskjer å konvertere og bli døypt i den kristne kyrkje så er det og høve for det hjå oss.
For å avtale tidspunkt for dåp, ta kontakt med kyrkjekontoret tlf. 916 38 300 eller post.oystreslidre@kyrkja.no
Dåp = medlemskap i Den norske kyrkje.
Ved dåpen blir barnet medlem av den norske kyrkje. Å være medlem av den norske kyrkje betyr at ein resten av livet har rett til kyrkjelege handlingar vederlagsfritt der han/ho har bustadsadresse.
Etter at det er avtalt dåp i kyrkja tek presten eller ein annan tilsett i kyrkjelyden kontakt for å avtale dåpssamtale. Her går ein gjennom kva dåp er og praktisk informasjon knytta til gudstjenesta og dåpshandlinga. Presten vil óg fortelje litt om trusopplæringa som er eit tilbod til alle døypte.
Nokre praktiske opplysningar kring dåpshandlinga.
I dåpsliturgien er det tre avsnitt med tekst. Dette er tekster nokon frå dåpsfylgje eller familien gjerne må lese i gudstenesta. For utanom lesing av tekst kan familien gjerne bidra med song eller musikk, og sysken eller andre kan gjere mindre oppgåver som å ta av dåpshua, tørke barnets hovud eller bere dåpslyset. På denne måten kan dåpshandlinga bli nærare og meir personleg.
Dåpsbarnet må ha minst to fadrar som må være tilstades som vitne under dåpen. Fadrane må ha fylt 15 år og være medlem av Den norske kyrkje eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen.
Det er lurt å starte planlegginga av det praktiske i god tid slik at alle får like stor glede av dåpsdagen. Kanskje det er mogleg å be familie eller vener om hjelp til servering og rydding? Bli samde om val av dåpskjole, kven som skal bere og kven som eventuelt skal ta av dåpslua.
Er det noko du ynskjer å spørje presten om? Tenk igjennom dette før dåpssamtalen. Døme: Ynskjer dykk ein spesiell salme, eller vil noen i familien lese dåpstekstar frå Bibelen? Kva regler gjeld i kyrkja for filming og fotografering?