Trusopplæring

"Størst av alt" er kyrkja sitt program for trusopplæring. Gjennom faste, tidsavgrensa, alderstilpassa opplegg får alle barn og ungdom tilbod om systematisk og samanhengjande trusopplæring.

Samlingane er prega av varierte arbeidsformar som t.d song/musikk, leik, forteljing, dramatisering, utprøving/ etterforskning, smågrupper, gudsteneste mm. Kyrkja er ein god stad for læring og ein god stad å vere saman med Jesus.