Ord for dagen - 23.03.2020 av sokneprest Eli Vatn

Så stille så stille på veg opp til Volbu kyrkje morgonen den 23.mars.

Men inne i husa vaknar det varme levande menneske. Måtte vi alle som vaknar til denne nye dagen få sjå eller fornemme "Guds kjærleik smil i sky"

799 Syng i stille morgonstunder

Tekst: Elias Blix 1891

Melodi: Ludvig M. Lindeman 1862

Syng i stille morgonstunder,
syng Gud Fader lov og ros!
Sjå, han gjer på nytt det under:
kallar fram or mørkret ljos!
Sjå, hans sol all skapning gyller,
alt med liv og lovsong fyller,
sjå hans kjærleiks smil i sky,
sjå kvar dag hans nåde ny!

Lær oss, Gud, kvar dag å telja,
sjå, kor snøgt vår livsdag lid!
Lær oss livsens veg å velja,
medan det er enno tid!
Enn i dag du vil oss kalla,
snart kan mørker på oss falla.
Lat oss, medan det er dag,
fylgja Andens nådedrag!

Gud, som skapte sol og stjerna,
deg me syng vår takk og lov,
at om oss du ville verna,
medan me i mørker sov!
Lys og lei oss, ljosens Fader,
til vår sol i gravi glader,
vekk oss så til morgon ny,
dag med solskin utan sky!

 

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øystre Slidre Kyrkjelege Fellesråd

Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd har kontor i kommunehuset på Tingvang.

Bygdinvegen 1989, 
2940 HEGGENES

Åpningstider: 09.00-14.00

Telefon sentralbordet:  61 35 25 00

Telefon kyrkjekontoret: 61 35 25 78  

Epost: post.oystreslidre@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"