Ord for dagen - 01.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu kyrkje 1. april. Eg saknar det; - barndomens trygge tilvære der «face news» var dei vaksne sin omsorgsfulle ap med oss ungane.

Den gongen verda var så trygg at ei skrøne ikkje rokka ved grunnen vi stod på, berre skjerpa oss i møte med alt som vart sagt den dagen. Fylgd av ei frydefull, årvaken spenning. Denne morgonen er lysa tende for alle born med ei bøn om tryggleik som tåler ein aprilspøk! Med fotografi av alter engelen i Volbu kyrkje byr eg på salma "Ingen er så trygg på ferda".

488 Ingen er så trygg på ferda

Tekst Lina Sandell 1856

Melodi: Vise (tysk) før 1800

1 Ingen er så trygg på ferda
som Guds barneflokk i verda,
ingen fugl så vel er verna,
inga himmelsol og stjerna.

2 Herren sine trugne lagar
kvilestad i Sions hagar.
Over dei han seg forbarmar,
ber dei stødt på faderarmar.

3 Naud og lukka til vil falla,
Herrens hand skal fast oss halda.
Som ein ven han sine aktar,
han er deira skjold og vaktar.

4 Gled deg då, du vesle skare,
Jakobs Gud skal vel deg vare!
For hans vilje og hans velde
dine fiendar vert felde.

5 Sjå, dei gode faderhender
både med og motgang sender!
Men hans vise råd er milde:
Bare vel han barnet ville.

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øystre Slidre Kyrkjelege Fellesråd

Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd har kontor i kommunehuset på Tingvang.

Bygdinvegen 1989, 
2940 HEGGENES

Åpningstider: 09.00-14.00

Telefon sentralbordet:  61 35 25 00

Telefon kyrkjekontoret: 61 35 25 78  

Epost: post.oystreslidre@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"