Ord for dagen - 04.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 4. april 2020. Lysa er tende! Eg ser opp på eit av felta med døde kvistar på altertavla, det er berre så vidt eg kan skimte dei nye skudda, dei har falma over tid.

På alteret ligg bibelen slått opp på Markusevangeliet, eg har nett lese likninga om såkornet, og i neste avsnitt kjem oppmodinga om ikkje å setje sitt lys under ei skjeppe.
Det vert ei påminning om å ikkje la håpet falme, om å halde ut i tru, håp og kjærleik. Vi er i sluttfasen av kyrkjeårets fastetid, kvar vi er i «koronafasta» veit ingen. Men lat oss setje lyset i staken og rette blikket mot håpet.                                                 

431 Lat oss vadre i lyset

Tekst: Etter 1 Joh 1,5-10; 4, 10-11

Melodi: Ukjent før 1977

1 /: Lat oss vandre i lyset
liksom Han er lys,
vandre i Guds lys,. 
/: vandre i Guds lys, 
vandre i Guds lys,
vandre i Guds kjærleiks lys.

2 /: Lat oss elske kvarandre
liksom Han har elska oss,
vandre i Guds lys, 
/: vandre i Guds lys, 
vandre i Guds lys,
vandre i Guds kjærleiks lys.

3 /: Lat oss tilgi kvarandre
liksom Han har tilgitt oss,
vandre i Guds lys, 
/: vandre i Guds lys, 
vandre i Guds lys,
vandre i Guds kjærleiks lys.

4 /:Lat oss be for kvarandre
liksom Jesus ber for oss,
vandre i Guds lys, 
/: vandre i Guds lys, 
vandre i Guds lys,
vandre i Guds kjærleiks lys.

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øystre Slidre Kyrkjelege Fellesråd

Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd har kontor i kommunehuset på Tingvang.

Bygdinvegen 1989, 
2940 HEGGENES

Åpningstider: 09.00-14.00

Telefon sentralbordet:  61 35 25 00

Telefon kyrkjekontoret: 61 35 25 78  

Epost: post.oystreslidre@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"