Ord for dagen - 09.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu kyrkje skjærtorsdag! Lysa er tende for dei som høgreist bøyer kne! Vi har fått auga opna for dei mange «med samfunnskritisk funksjon» i desse tidene.

Og underleg nok er har vi trengt å få auga opna. Eg vonar dei no kjenner at dei høgreist gjer si teneste for samfunnet.Han tener fordi han er herre skriv Edvard Hoem om Jesu vasking av læresveinane sine føter. Ingen kan kjenne seg skuldig i å ha tukta han til det, han er Herren som tener av fri vilje og varmt hjarte. Det ligg ikkje att nokon eim av skuldkjensle. Ved det reiser han opp for å gje oss alle høve til fritt og med lyfta hovud tene kvarandre!

2020 04 09 II.jpg

163 No vaskar han føtene deira

Tekst:Edvard Hoem 1995

Melodi: Henning Sommerro 1995

1 No vaskar han føtene deira
og tørkar dei varsamt med kledet.
No vaskar han føtene deira
og minner dei om dette eine,
at han, som er son av den høgste,
er komen til oss for å tene.
No vaskar han føtene reine.

2 Slik lyfter han slaven til fridom.
Han vaskar bort støvet frå vegen.
Den livslange, strevsame vegen
skal ende hos han, i Guds rike.
Og han som er son av den høgste,
han bøyer sitt hovud mot jorda,
og slik blir han menneskets like.

3 Slik sprenger han tilværets gåte.
Han bur seg til møtet med døden.
Han tener fordi han er herre.
Han bøyer seg ned for å sone.
Han førebur gudsrikets orden:
Dei siste skal vera dei første.
Den minste skal stå ved hans trone.

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øystre Slidre Kyrkjelege Fellesråd

Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd har kontor i kommunehuset på Tingvang.

Bygdinvegen 1989, 
2940 HEGGENES

Åpningstider: 09.00-14.00

Telefon sentralbordet:  61 35 25 00

Telefon kyrkjekontoret: 61 35 25 78  

Epost: post.oystreslidre@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"