Ord for dagen - 13.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 2. påskedag.

Lukas fortel om dei som vandra med Jesus til Emmaus: "Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. 31 Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei." I kveld skulle konfirmantane vore samla her, og vi skulle saman fulgt i Jesu fotspor frå palmesundag til påskedag. Dette er ei av dei gudstenestene eg har likt best av di ho har latt heile dramaet leve i små tablå dramatisert av konfirmantane. Frå Jesus blir møtt med granbargreiner palmesundag, gjennom fellesskapet, brødsbrytinga, sviket, korsfesting og siger over døden. Som det av og til er med konfirmantar; litt uro, fnising der det ikkje skulle vært, kunne eg kanskje ynskt dramaet i scenesatt av meir dedikerte, alvorsame skodespelarar. Men slik trur eg det er å vera menneske; vi gjer ting stykkevis og delt, ufullkomment, og så er det likevel her i våre liv Jesu kjærleiksdrama spel seg ut. Og så i små glimt blir auga våre åpna og vi kjenner igjen det Gudommelege i det, i små glimt sig det inn og gjev fred i vårt sinn.

2020 04 13 II.jpg

200 Kom, Frelsar, kom inn

Tekst: Mathias Orheim 1908

Melodi: Ludvig M Lindemann 1862

1 Kom, Frelsar, kom inn
og lys du din fred i vårt hjarta og sinn!
Ja, tolk med din kjærleik det levande ord,
så vert denne staden ein himmel på jord!
Då livet til kvardags får helgedagsskrud
i møte med Gud.

2 Set hjarta i brann!
Å, lat meg få kjenna di trufaste hand!
Ja, kom med di fredshelsing stille og varm,
og lat meg få setja meg innved din barm!
Om kring oss det stormar då aldri så vilt,
hjå deg er det stilt.

3 Å herlege stund
når alt som vil stengja, vert rive i sund,
når du kjem deg inn gjennom attstengde dør
og glade oss gjer som du gjorde det før!
For føtene dine vi stille sit ned
i hugnad og fred.

4 Det levande ord
som gjev oss dei fagraste stunder på jord,
å, tal du det ord så kvar tvilar må sjå
at du kan imellom oss levande gå!
Så lat du oss kjenna med eldhug og brann
di frelsande hand!

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øystre Slidre Kyrkjelege Fellesråd

Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd har kontor i kommunehuset på Tingvang.

Bygdinvegen 1989, 
2940 HEGGENES

Åpningstider: 09.00-14.00

Telefon sentralbordet:  61 35 25 00

Telefon kyrkjekontoret: 61 35 25 78  

Epost: post.oystreslidre@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"