Ord for dagen - 15.04.2020

Volbu kyrkje 15. april. Han sette øyret på plass att Jesus; han ville ikkje bruke vald då soldatane kom væpna for å ta han.

 I går mintes eg det uskyldskvite lam som symboliserte at den reine godheita sigra ved Jesu død på korset. Og eg mintes og sorga når barndomens TV heltar sjølv vart drapsmenn og vart skuldige og svartflekkut. Seinare har eg skjøna at desse svarte flekkane kjem vi ikkje unna nokon av oss, og at vi likevel kan leve vidare med ei varm, vaken sjel. Eg har ikkje møtt mange mordarar i mitt liv, men eg har møtt ein del menneske som har hatt store bører av svart skuld i bagasjen. Eg har høyrt dei vedkjenne seg det, angre og ved det reise seg att. Eg har sett menneske bli heile att om eg kan seie det slik, mogna. Med ein etiske standard og likevel ei realistisk sjølvforståing. Audmjuke og med heva hovud på same tid. Det er saman med slike menneske det er godt å vera seg sjølv, med alt ein er og har vore!
Jammen fant eg ei kvensk salme i salmeboka.

201 Herren Jesus har med blodet

Tekst: Pekka Fr Lappelainen 1908 omsett frå Kvensk Terje Aronsen 2011

Melodi: Kvensk folketone

1 Herren Jesus har med blodet
sona for mi synd og naud.
På ein kross han ofra livet,
gjorde alt som loven baud.

2 I min stad han måtte lide,
gjekk i døden, han for meg,
tilgav alle brot og synder,
tok mi syndebør på seg.

3 Eg treng ikkje lenger søkje
sæla langsmed gjerningsveg.
Det som trongst, det gjorde Jesus,
no kan gleda bu i meg.

4 Om eg granskar i mitt indre
ser eg synder eg har gjort.
Men på grunn av Jesu gjerning
er mi skuld blitt teken bort.

5 Han har planta trua i meg,
gjort meg til sin dyre skatt.
Mellom oss ei pakt han sette,
aldri skal ho slettast att.

6 No i trua får eg eige
sæla, alt eg vonar på.
Men når eg kjem heim til Jesus,
skal med eige blikk eg sjå.

7 Eg kan ikkje godt nok prise
Jesu kjærleik, god og mild.
Tunga mi kan ikkje syngje
om hans nåde slik eg vil.

8 Men eg veit at eg ein morgon
skal få syngje lett og fritt,
når den aller siste tåra
tørkast bort frå auge mitt.

9 Då er eg i himlen heime,
livsens båt har nådd si hamn.
Gløymd er smerte, eg er venta,
møtast av ein open famn.

10 Herlegdomen i Guds himmel
får eg del i, alt blir godt.
Nye salmar ber frå hjartet
takk for alt som eg har fått.

11 Der er glede utan tårer,
språket mitt får nye ord.
Eg får sjå min skjønne brudgom
slik eg aldri fekk på jord.

12 Heilag, heilag! Gud til ære
syng eg no min salme her.
Og når eg ein dag er heime,
syng eg takk til Lammet der.

 

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øystre Slidre Kyrkjelege Fellesråd

Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd har kontor i kommunehuset på Tingvang.

Bygdinvegen 1989, 
2940 HEGGENES

Åpningstider: 09.00-14.00

Telefon sentralbordet:  61 35 25 00

Telefon kyrkjekontoret: 61 35 25 78  

Epost: post.oystreslidre@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"