Ord for dagen - 27.04.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 27. april. Folk har byrja rake, snøen fall litt ublidt, men vi veit at han gjer godt.

Lysa er tende for dei som ryddar og for det nye som bryt fram. Evangelisten Markus er i kyrkjekunsten framstilt med ei løve, eller som ei løve med vengjer. Vi finn han slik, ikkje berre i Volbu, men og på altertavlene i Rogne og Hegge. Ei løve av di Markusevangeliet opnar slik:

Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.
Hos profeten Jesaja står det skrive:
Sjå, eg sender min bodberar føre deg,
han skal rydda vegen for deg.

Ei røyst ropar i øydemarka:
Rydd Herrens veg,
gjer stigane hans rette!

Løva levde i ørkenen der Johannes og var å finne! Johannes var sjølv litt av ein villmann, i kamelhårskappe og med krass røyst innimellom. Han hadde evna til å vekkje folket, om enn noko ublidt og på den måten gje merksemd til han som kom etter. Eg veit ikkje om eg likar det, men ser at ho har ein funksjon denne ublide vekkinga. Og målet, det løvebrølet vil vi skal gjere er å sjå etter han som kjem etter. I denne tid, som i alle tider; Kvar går vegen Jesus vil vi skal gå med han.

9 Rydd vei for Herrens komme

Tekst: Svein Ellingsen 1983, fritt etter F.M. Franzèn 1812, 1817

Melodi: Tysk omkr 1600

1 Rydd vei for Herrens komme,
for frelsen fra vår Gud!
Vår ventetid er omme,
han sender oss sitt bud:
Det gamle skal forsvinne,
Guds rikes tid er inne!
Velsignet være han
som kom i Herrens navn.

2 Guds folk, til deg han kommer,
strø grener på hans vei!
Kjenn duften fra hans sommer,
som snart skal møte deg!
De slitte dager fylles
av lovsang og forgylles.
Velsignet være han
som kom i Herrens navn.

3 Så mange håp er døde,
for fall står våre hus.
Selv Sion ble lagt øde,
dets tempel lagt i grus.
Men Kristus skal bevare
sitt folk, og vi skal svare:
Velsignet være han
som kom i Herrens navn.

4 Han kommer, han som troner
hos Gud i evig glans!
Snart flettes våre toner
i englesangens krans.
Men Lammets sang begynner
i dag, når vi forkynner:
Velsignet være han
som kom i Herrens navn.

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øystre Slidre Kyrkjelege Fellesråd

Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd har kontor i kommunehuset på Tingvang.

Bygdinvegen 1989, 
2940 HEGGENES

Åpningstider: 09.00-14.00

Telefon sentralbordet:  61 35 25 00

Telefon kyrkjekontoret: 61 35 25 78  

Epost: post.oystreslidre@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"