Ord for dagen - 03.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Hemsedal 3.mai. Kyrkjer og katedralar opnar snart att.

Men han gjorde det ikkje dårleg han som skapte den største. Vonar de finn vegen til dykker eigen katedral, "gå ut mi sjel og gled deg i Vårherres store under". Så ansvaleg vi kunne fann vi att vårt katedral aneks i Hemsedal.

Enno ei stund til sumar, men han kjem.

2020 05 03 I.jpg

840 I denne fagre sumarstid

Tekst: Paul Gerhardt 1653

Oversatt: Bernt Støylen 1923

Melodi: Nathan Söderblom 1916

I denne fagre sumarstid
gå ut, min sjel, og gled deg i
vår Herres store under!
Sjå hagen prydd med blomeseng,
sjå garden med si grøne eng,
og skog med li og lundar.

Sjå kvar ei grein av lauv er full,
og moldi pryder seg i gull
og fargar utan like!
Sjå liljer, roser, blad og blom
ber større bragd og herlegdom
enn Salomo den rike.

Høyr, lerka tirlar høgt i sky,
og staren byggjer reir på ny,
med gauken gjel i lundar.
Småfuglar syng i skogen sval,
og songen fyller fjell og dal
i stille morgonstunder

Sjå, åkren veks seg stor og tung
til fryd for gamal og for ung,
som om Guds godleik kveder.
Han pryder vent den vide jord,
han gåver gjev på kvar manns bord
og alt som hjarta gleder.

Då tenkjer eg: Er du så stor,
du venleik her på falne jord,
for syndarar å finna,
kor stor skal gleda verta då
når vi den herlegdommen får sjå
som vi hjå Gud skal vinna!

 

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øystre Slidre Kyrkjelege Fellesråd

Øystre Slidre kyrkjelege fellesråd har kontor i kommunehuset på Tingvang.

Bygdinvegen 1989, 
2940 HEGGENES

Åpningstider: 09.00-14.00

Telefon sentralbordet:  61 35 25 00

Telefon kyrkjekontoret: 61 35 25 78  

Epost: post.oystreslidre@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"