Ord for dagen - 06.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

6. mai. Lysa vert fortsatt tende i Volbu kyrkje, til ei stund i felles bøn og omtanke for folket og verda.

Foto: Eli Vatn

Og blikket går ut i verda, ut i dagleglivet vi lever rundt på forskjelleige stader. Dagens ettertanke vart tenkt i går medan eg sat på Sebu og venta på å få nye dekk.

Eg tenkte ut ei gåte der: Kva er likskapen mellom det vi finn på Sebu og det vi finn i Rogne kyrkje? JO; Rogne kyrkje er den einaste åttekanta kyrkja i Valdes. Og det er ikkje utan meining. Dei åtte kantane gjer at kyrkja er mest for rundt å rekne, og hjå Sebu er det mykje rundt å finne! Dei runde sirklane symboliserer det evige; inga byrjing og inga ende! (dei burde tenkt på soknepresten som PR agent for evigvarande dekk. Men sidan eg ikkje har fått noko tilbod om slikt skal eg ta meg av mine eigne tankar om det evige.)

Rogne-alter_01.jpg

Altar i Rogne kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen

Åttetalet står og for den nye byrjinga: Skapingsmyta fortel om skaping på seks dagar, den sjuande kvilte Gud fader, men så byrja det gå nedoverbakke med slange, og frukt alt det førte med seg heilt fram til krossfesting og død. Men på den åttande dagen stod Jesus opp frå det døde. Åttetalet står difor ikkje berre for det evige, men og for det nyskapte, det som vann over døden. For kvar nyskapte dag.

669 Soli har sitt same lag

Tekst: Anders Hovden 1915

Melodi:  Richard Redhead 1853

1 Soli har sitt same lag,
der ho skin, vert alltid dag,
natt og skugge bort ho driv,
signar oss med ljos og liv;
sorgi flyr og gleda gror,
våren kjem med fuglekor.

2 Kristus har den same gjerd,
ljoset fylgjer all hans ferd;
slepp han med sin kjærleik inn,
dagast det i hugen din;
glad du gløymer trong og tvil,
ljosnar opp i barnesmil.

3 Kristen, det er òg di gjerd:
Bera ljos på all di ferd,
bera sol i skuggen inn
til den arme nesten din;
gjennom deg skal Kristi glans
lysa inn i sjeli hans.

4 Jesus, livsens sol og dag,
reins mitt arme hjartelag,
kveik di sol inni min barm,
gjer meg miskunnsam og varm,
lei meg fram i dine spor,
gjer meg til ditt ljos på jord!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"