Ord for dagen - 10.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Vi skriv søndag 10. mai! Klokkene vert ringt frå Hegge denne søndagen og det samlast folk til gudsteneste. Det er dåp!

Døypefont i Hegge kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen

Enno er ikkje kyrkjedørene opne for alle, berre for dåpsbarnet og familien. Men rundt kyrkja kan ein høyre klokkene og på radio kan ein lye messa slik ein alltid har kunna. Eg kler meg i søndagsklær, duken er rein på frukostbordet!

Noko må eg gjere for å kjenne at denne dagen er litt annleis enn dei andre. Det er fint! Vi treng det trur eg, meir enn nokon gong å kjenne på rytma, at nokre dagar er har ei anna helg over seg. Dagar du kan setje deg i godstolen og vite at du skulle ikkje gjere noko. Dagar du kan gå ut og kjenne på ein splitter ny dag, på søndagsfred, den fred som er ved livets siger over døden.

 

Hegge-prosesjonskors foto; Saskia Aleida Van Veen.jpg

Prosesjonskors i Hegge kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen

584 Det strøymer ei livselv av lukke

1 Det strøymer ei livselv av lukke,
av glede fordi eg er til.
Guds bilete fekk eg til gåve,
og aldri han gløyma meg vil.
Eg lever, og evig skal leva,
ved han som leid døden for meg,
men sprengde dei gravlekkjer svære,
og opna til livslandet veg.

2 Ja, Kristus er kjelda, den klåre,
eit havdjup av fryd og av fred.
Vel blenkjer det stundom ei tåre,
men livsvona atter meg gled.
Snart gryr det ein æveleg morgon,
og då skal eg verta han lik.
Det strøymer ei livselv av lukke,
min Gud, eg er endelaust rik.


Tekst Trygve Bjerkrheim, Melodi Ragnar Ørstavik
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"