Ord for dagen - 13.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 13. mai. Lysa vert tende, for oss alle som treng varme og eit vennleg blikk!

Ord for dagen - 13.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Og for oss alle som ser med slike blikk. Eit blikk er som ei solstråle; det kan lokke fram det beste i oss, få det til å gro og vekse. Lite har slik kraft som eit tillitsfullt og forventningsfullt blikk! Det lyg ikkje om det leiter etter det beste i oss, forventar det beste i oss; det gje grobotn. Lat oss vende oss til lyset i dag, lat oss la nordavinden blåse sin egen veg!

Eit vakkert blikk ut frå Volbu kyrkje og nokre linjer av

576 Som spede barnet drikk si mjølk

Tekst: Britt G Hallqvist 1977, oversett av Arve Brunvold 1978

Melodi: Conrad Baden

1 Som spede barnet drikk si mjølk,
som fuglen tek imot eit frø
for livets skuld,
Herre, lat oss ta imot ditt ord.

2 Som turre marka drikk sitt regn,
som jorda tek imot sitt såd
og gøymer det,
Herre, lat oss ta imot ditt ord.

3 Som natt mot gryet strekkjer seg,
som blomen faldar begret ut
når sola renn,
Herre, lat oss ta imot ditt ord.

4 Som fangen mot sin fridom går,
som venen tek imot sin ven
med open famn,
Herre, lat oss ta imot ditt ord.

5 Å Gud, no ventar vi på deg.
Ditt ljos, di sanning søkjer vi
for livets skuld.
Herre, lat oss ta imot ditt ord.

 
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"