Ord for dagen - 14.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 14. mai 2020. Går det ann å seie noko åndeleg om fraulukta?

Foto Saskia Aleida Van Veen. Hegge kyrkje når «groren ein gong er mogen.».

Det mest spontane er kanskje at vår vesle verden akkurat no ikkje ånder spesielt godt. Det er eit par veker til vi kan stemme i med pinsesalmens «Det ånder himmelsk over støvet, det dufter hjemlig gjennom løvet». Men bondedatra kjenner seg likevel heime ved denne dufta, ho er gjenkjenneleg og kallar fram alle barndommens mai opplevingar. Ho kallar fram dei tidligaste biologileksjonar om berekraftig jordbruk. Utan denne lukta ikkje brød på bordet eller mjølk i glaset. Dufta kan tene som metafor på ein livserfaring av at det er berre det livlause som er konstant idyllisk. Det levande jordiske livet har nebrytinga i seg, har avfallet, har døden i seg, - og det nye livet som veks ut av det.
Den digetale verda er luktfri, lurer faktisk på om det er ei svakheit.

Det er lite fraulukt å finne i salmeboka også, så difor får Elias Blix siste ordet med salma Kom Heilag Ande tonesett av Jakob Sletten.

516 Kom, Heilag Ande, himmeltrøyst

Tekst: Elias Blix 1883

Melodi: Jacob Sletten 1924

1 Kom, Heilag Ande, himmeltrøyst,
du hjartans von og vinning!
Kom ned og lei oss med di røyst,
med ljos og råd og minning.
Kom til din kyrkjelyd
og Kristus for oss tyd!
Lat livet i ditt ljos,
som elvi til sin os,
til himmerike renna!

2 Kom ned som ljos i mørke stad,
som vårdag over vangar,
som sumar utan solarglad,
som vind med søte angar!
Kom ned og fyll ditt hus
med heilag lovsongs sus,
lat i ditt tempeltjeld
ein stendig altareld
i takk og bøner brenna!

3 Kom ned som solskin over mold,
så natt og frost må røma!
Lat Ordet bera hundre foll,
og Herrens hage bløma!
Kom ned med livsens gror!
Gjer hausten rik og stor!
Kom ned og kyrkja bygg,
så ho kan standa trygg
når alt på jord skal falla!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"