Ord for dagen - 15.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu kyrkje 15. mai! Lysa blir tende denne morgonen også – for oss alle!

Portal i Lidar kyrkje. Foto: Saskia Aleida Van Veen

Ni veker har eg gått opp hit for å tenne lys, lese ei tekst, av og til les eg søndagens tekst, av og til les eg frå Markusevangeliet, eit lite stykke kvar dag. Er eg heldig kan eg melodien på salma eg har lagt ut på nettet og kan synge henne. Så legg et fram for Gud dei eg spesielt kjenner ansvar for å be for, og elles for bygda, kyrkja, verda.

Eg er spent på om eg får tid til dette når hjula er i gang att for alvor. Eg bør det; har alltid tenkt at eg gjerne skulle gått i ei kyrkje for å be om morgonen, både for eigen del og for kyrkja sin del. Det rann meg i hu noko ein av lærarane mine sa då eg gjekk på presteskulen. Ho stilte spørsmålet « Er eg prest fordi eg er kristen, eller er eg kristen fordi eg er prest?» Ho var inne på noko. Eg trur ofte ein tenker at for å ha med kristendommen å gjere, for å bli eller vera prest må ein vera sikker på dette med Gud, ha ei stødig tru. Eg trur like mykje det handlar om å velje å drikke av den kjelda som den kristne kulturarven, bibeltekstane, salmane, kyrkjebygga er. Og denne kjelda gje noko å leve på. Sikre på alt dette med Gud, dette som er mykje større enn oss; ja det blir vi ikkje før vi ein dag ser ansikt til ansikt.

De får eit vakkert bilde av porten inn til Lidar kyrkje i dag.

441 Eg veit ein hage full av fred

Tekst: Emil Liedgren 1919, Oversatt: Trygve Bjerkrheim 1939

Melodi: Bernhard Berglund 1829

1 Eg veit ein hage full av fred,
til porten titt eg vankar,
han lokkar, helst når sol går ned,
i lengting hjarta bankar.
Min beste ven der inne går,
men eg ved porten enno står.

2 Eg veit ei kjelde frisk og klår,
kvar kvelden kan eg høyra
ho surlar djupt - når stilla rår -
så herleg for mitt øyra.
Og eg som kunne vatnet nå,
kvi tyrstar eg ved kjelda då?

3 Eg veit ein gamal veg å gå
når morgon atter randar.
Den vegen ber mot høgder blå,
der lett og fritt eg andar.
Frå kraft til kraft den vegen ber,
men sjeldan, sjeldan går eg der.

4 Kvar morgon, dyre Frelsar min,
og når eg ser det kvelda,
å, lei meg i din hage inn
og tørsten sløkk i kjelda!
Du veit om alt som i meg er,
du veit òg at eg har deg kjær.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"