Ord for dagen - 16.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu kyrkje 16. mai. Lysa er tende for land for lov og rett!

Volbu kyrkje jentene på Onstad med langeleik: Foto Eli Vatn

Kva gjorde dei dagen før den 17 i 1814? Kjende dei at no var dei like ved; no hadde dei fullført verket som skulle sette skuta Norge til havs for å segle på eiga hand: med eige hand på rattet! Dei hadde grunn til å vera nøgde med seg sjølv. Med nødvendige justeringar undervegs har ho lost oss gjennom ei historie med svære forandringar, ein union, ei oppløysing av unionen, to verdskrigar.

Vi førebur oss på 17. mai; vi får vel pynte oss sjølv om vi ikkje kjem saman, finne fram flagget slik at dei vaiar og minner om fellesskap sjølv om vi enno ikkje kan være saman slik vi plar.

I kyrkja har vi førebudd oss med å gjere opptak frå alle kyrkjene slik at vi alle i morgon tidleg klokka ni, eller når vi måtte lyste utover dagen kan sjå og høyre ei lita gudsteneste frå kyrkjene våre, lytte til vakker 17. mai musikk, få glimt frå den flotte kommunen vi bur i.

No livnar det i lundar er sjølvskreven, i morgon får de han med langeleik

844 No livnar det i lundar

Tekst: Elias Blix 1875

Melodi: Ludvig M. Lindeman 1865

1 No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.

2 Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

11 Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong,

12 då me med vigsla tunge,
med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge
skal lova Herren vår!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"