Ord for dagen - 21.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Vatn 21. mai, Fint å feire Kristi himmelfartsdag her, eller himmelspretten som han uærbødig vart kalla i min barndom. - av: Eli Vatn

Foto: Eli Vatn

Markus fortel; "Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand."

Fint å lese forteljinga i barndomslandet, der forteljingane fekk leve i sinnet, som spektakulære triggarar for fantasien. Dei skipa til eit rom i sinnet der det utrulege kunne skje, eit rom der det kunne skje ting som ikkje var bunde av den jordnære rasjonalitet, dei ubønnhørlege årsakslovene. Sinnet kunne romme ein stad der rettferda ville skje, der ting kom på sin rette plass, der han som hadde lide og døydd fekk den oppreisninga han fortente. Det ga rom for ein himmel over det jordbundne, eit lys av håp.

Salma i dag er ein av mine favorittar; oversett av Arne Garborg, ein mann som har skildra både tvilen og smerta i dette jordiske livet. Salma burde syngjast, melodien i seg sjølv bær oss lukt inn i himmelriket!

220 Lov Jesu namn og herredom

Tekst: Edvard Perronet 1779, 1780.

Oversett:  Arne Garborg 1898

Melodi: William Schrubshole 1779


1 Lov Jesu namn og herredom,
høgenglar i hans slott!
Ber krona fram med hyllings ljom,
og kron han, kron han, kron han,
kron han allheims drott!

2 Du vitneflokk i himmelkor
som tolmods krans har nått,
kved kongskvad for den Herre stor,
og kron han allheims drott!

3 Du frelste hær av Adams ætt,
løyst ut av naud og nott,
pris han som nåde gav for rett,
og kron han allheims drott!

4 Kvart folk i kvar ei heimsens bygd
her under soltjeld blått,
gjev han åleine herrehøgd,
og kron han allheims drott!

5 Ja, gjev me med Guds kvite hær
av all vår hug og hått
syng songen ny for Herren kjær,
for Jesus, allheims drott!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"