Ord for dagen - 22.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Vatn 22. mai. Leksjon 1 frå Lia. - av Eli Vatn.

Foto: Eli Vatn

Slik har far min sotte ved vindauge og sett utover Lia, den sørvendte åkeren som ligg like inntil huset. Her har han sett vinteren kome, sett snøen smelte, vurdert når ein kunne byrje spreie frau, pløye eller hauste. Om regnet ikkje kjem snart, sola varme snart, om han rekk å slå før regnet kjem.

2020 05 22 I.jpg

No er alt opp til neste generasjon. Framleis sit han slik, reknar og vurderer, men eg høyrer og han seie «Dei har vel kontroll på det, dei greier vel ut med det». «Anneke ordner vel kaffe til han som pløyer…» Ei anna ro ligg i det heile; forvaltar ansvaret er overgitt, det går vidare. Men omtanken heng ved, kjensla av å høyre til i naturen sine skiftingar, livet som rører seg omkring. I ei anna kvile…Ein kårkaill i livet er også noko…

I salmeboka nr. 717, finst ei lita vakker salme av Ralph Carmichael, oversett av Arne Myskja.

Kjære Gud, når eg bed,
lat min tanke kvile i fred
frå alt stress i verda omkring
og all uro for daglege ting.
Lat din kjærleik få trengje seg inn,
slik at han kan forandre mitt sinn.
Lat oss alle som trur på ditt ord,
vere saman i bøn for vår jord.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"