Ord for dagen - 23.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Vatn 23. mai. Leksjon 2 frå Lia. - av Eli Vatn

Foto: Eli Vatn

Tidene forandrar seg konkluderer far min! Svære jordbruksmaskinar fresar over Lia, som no er blitt ein stor åker saman med Smååkeren og Nordstykket på den andre sida av haugane. Dei er slått saman i ein stor åker no; tilpassa store maskiner som treng store område å snu på, som raskt fer over store areal. Bror min, den moderne bonden har brote opp og teke bort dei fleste haugane, dei øydela effektiviteten. No står berre ein lang smal ein att.
Annleis før, då det var hesten og folket som dreiv der, og hestekreftene var muskelkrefter. Da var det kanskje greitt med små stykke jord. Meir overkommeleg; hesten fekk litt kvile kvar gong dei snudde maskinane for ei ny fure, og dei korte strekka om gongen var sikkert meir motiverande for vaksne - og for små steinplukkande barnehender. Den gongen heitte det ikkje barnearbeid; men opplæring eller deltaking i livet. Då var alle nevar nødvendige og nyttige. Eg kan ikkje hugse at vi likte å plukke verken stein eller potet, men kjensla av fellesskap og verdi var sjølvsagt. Det var ei sæle i det og.
Anders Hovden seier det slik i siste vers av Fagert er landet.

5 Signa då, Gud, vårt folk og land,
signa vårt strev og vår møde,
signa kvar ærleg arbeidshand,
signa vår åker med grøde!
Gud, utan deg den vesle urt
veiknar og visnar, bleiknar bort,
ver du oss ljoset og livet!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"